tirsdag 26. mai 2009

Smårydding

2009_05260007 

Nede i syskrinet mitt har broderitrådane mine budd i 10-15 år. Dei er for det meste restar etter nokre bilder eg broderte ein gong. (Skal tru kva for ei kasse dei bilda ligg i ?…)

Alle i ein haug, og nokså samanfiltra etterkvart. Men på hobbybutikken i går fann eg noko som verkeleg ordna opp i kaoset. Små søte brett (eller kva eg skal kalle dei) til å snurre trådane opp på. Eg tok med meg to stablar heim, men ser eg må attende etter ein til. For det blei ikkje nok.

Men sjå kor skikkeleg og ryddig og systematisk det blei. (Klappar meg sjølv på skuldra – og overser glatt rotet i resten av stova.)

2009_05260028

Eg har også starta på eit anna prosjekt. Eller, eigentleg har eg kome litt vidare på eit prosjekt eg starta på for mange år sidan… Meir om det sidan. Her har de baksida…

2009_05260019

No skal eg brygge ein kopp kaffe før TV-kvelden startar. Toodeloo!

2 kommentarer:

  1. For en spennende bakside, nå er jeg kjempespent på hva forsiden har å by på.

    SvarSlett
  2. Så spennende. Håper framsida dukker opp med tid og stunder også...

    Imponerende orden i sysakene, det må jeg virkelig si. Sånn er det ikke her i huset ;)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails