søndag 30. november 2008

Første søndag

Då har eg også åpna adventstida med å spele den første julecden. Juleplatene var ikkje så vanskeleg å finne likevel. (Eg trudde eg hadde rota dei vekk, men dei var der dei skulle vere)

   2008_11300012

Eg har strikka mykje dei siste dagane, og er omtrent ferdig med nokre gåver. Litt får de sjå her, men alt kan eg ikkje vise no før jula.

   2008_11300008

I dag har eg sett ein haug med Dickens på dvd - må ha litt underhaldning medan eg strikkar. Burde sjølvsagt ha gått ein lang tur i det fine veret vi hadde i dag, men...

     2008_11300020

Eg er glad eg er ferdig med å strikke desse prikkane. Litt lange garnhopp innimellom. Var litt treig til å få tak i alt garnet eg trengte til denne kjolen, og no ser det ut til at eg må bruke eit nøste av ei anna innfarging. Og det var ein del forskjell på fargen. Grmf! Må vel trikse litt då.

I've been knitting a lot today (and in the last week). Trying very hard to finish some presents. Since it's presents I'll only show you some details now.

     2008_11300025  

Eg har også bretta nokre fine blomstrar til pynt. Vil de også prøve? Folding Trees har oppskrifta.

These flowers look nice and are easy to make. Folding Trees have a tutorial.

     2008_11300032

     2008_11300033

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails