tirsdag 25. desember 2007

GOD JUL TIL ALLE!

MERRY CHRISTMAS!

Når ein pepparkakebakar bakar papparkakehus...


1. Finn på ein design, eller få nokon andre til å teikne. Eg fekk hjelp av Oda (4 1/2) i år.
Make a design or get someone to help you.

2. Lag deiga.
Make the dough.

3. Skjær ut delane på steikebrettet så dei ikkje blir altfor skeive.
Cut out the parts on the baking tray.

4. Legg (knuste) harde drops i vindauga dersom du vil ha "glas" i dei. Eg brukar gjerne "Kongen av danmark".
Put hard candy in the windows if you want "glas" in them.
5. Steiking. Dropsa boblar, men det gjer ingen ting.
In the oven. The candy will start to bubble when melting.
6. Når dropsa kjølnar blir dei slik som dette. Ikkje løft delane av plata før vindu har stivna.
Let the parts cool before you take them og the tray. The candy will look like this when its cooled down.
7. Pass på at du lagar alle delane som skal til.
Make sure you have all the parts you need.
8. Lim saman. Bruk smelta sukker, det held best. Men det er varmt!! (Berre ei lita blemme i år.)
"Glue" the parts together. I use melted sugar for this. But mind your fingers! It's terribly hot (not a job for children!!!), but it keeps the house together.

9. Pynt så godt du kan.
Decorate as good as you can.

mandag 17. desember 2007

New girl in town

Her er den nye baben i byen. Ho flyttar vidare om ikkje så lenge. Ho er ikkje sjenert altså, men skal prøve å halde seg anonym fram til julafta. Dessutan er ho ikkje heil påkledd enno.

Les Mondes Engloutis (Shagma)

Her er litt meir mimrestoff. Og så har eg julepynta bloggen min.

onsdag 12. desember 2007

ull - ull - ull

Besøkte Sjølingstad Ullvarefabrikk med klassa mi i går. For ein fin plass. Der fekk vi omvisning på fabrikken og ei god innføring i kva som skjer med ulla - frå sauen til ferdig produkt. Elevane laga sitteunderlag.
I visited a wool factory with my class yesterday. A very interesting visit. (Wool and yarn - yeah!!) We learned about what they do with wool, from sheep to finished products. The pupils each made a wool "pillow".
Sitteundelaga på veg inn i filtemaskina.
Going into the felting machine.

Ferdig filta.

Fabrikken og maskinene er gamle, men dei virkar fint endå.
The machines are old, but they still work.
Ulla vert vaska her.
This is the washing machine.
Kardemaskina.
"Combing" the wool.

Soft
Eg trur dei har gløymt å skifte ut kalenderen dei siste åra.
They have forgotten to renew the calender lately...

Slike fine ullteppe vever dei på den gamle jaquard-veven. Trur eit sånt kjem ganske høgt på ønskelista mi...

tirsdag 11. desember 2007

Jobbveske

Eg kjente eg hadde bruk for ei ny jobbveske, med god plass til litt ekstra. Så eg sydde denne for eit par veker sidan. Hankane måtte eg plukke av og forsterke i helga. Gløymde å fore dei første gongen. Men no er alt så mykje betre. Og veska er stor nok til det meste.
Mønster: Pleated beauty handbag av Amy Karol (Bend-the-rules sewing)
Stoff: Brun/nougat baby-cordfløyel frå Stoff og stil + Chocolate lollipop (Anna Maria Horner)


mandag 10. desember 2007

Kjapt levert

Eg bestilte litt stoff (høyrest suspekt ut, men er det ikkje) frå ein butikk i Japan.
(- Å nei, treng eg endå meir stoff liksom?... Ja, når det er på salg, så...)

Dei er kjappe i vendinga, allereie neste morgon (6. des) fekk eg mail om at stoffet var på veg.

Og i dag, 4 dagar seinare låg pakken i postkassa. Det må eg seie er raskt i desse julepost-tider. Også heilt frå Japan!

Kan gjerne anbefale denne butikken, mange artige stoff.
I ordered some fabric from nuno+ in Japan (they had sale), and today - only four days later- the fabrics arrived. Thats really fast, considering it's Christmas.

Her er stoffa eg kjøpte denne gongen.
Tellande pinnsvin:
Fargerike skilpadder:
Og grønn skog med fuglar. Den grønne skogen har epletre på andre sida av stoffet.

torsdag 6. desember 2007

Desemberlys

Enno to veker til sola snur, men heldigvis har vi mykje lys i desember likevel...
Sola er på veg, Venus og månen lyser så lenge - utsikt frå Tresse 7.30 ein morgon. Her har vi lysfontena i byen (ørlite granne inspirert av Ari, eller...) Faklar blir tent her kvar dag kl 15 i desember.
Utanfor domkirka har dei pynta fint i år.

lørdag 1. desember 2007

1. desember

Endeleg (el. plutseleg) er det desember. Eg har ikkje adventskalender, men 24 små lys med tal på. Ganske søte. No brenn det fint, og eg har smakt på julemarsipanen for første gong. Eg har nokre strenge reglar for meg sjølv, for å spare jula til desember. Ikkje noko julegodt og ikkje noko julemusikk før 1.12.

December again. I have 24 small candles as my adventcalendar. I also tasted the christmas-marzipan for the first time today. I like to save christmas until december, so my rules (for myself) is: No christmas sweets or christmas music until dec 1st. This little marzipan pig was my first victim this year... I'm finding my Christmas cds tomorrow.

Eg har klart å halde meg - marsipan er det beste eg veit. Og i dag vart denne lille grisen mitt første offer... I morgon skal eg hente fram julecdane.
Bamsedress nr 2 er ferdig, og rapportane seier at mottakaren er strålande førnøgd. Ho gliser kvar gong dressen skal på og kosar med ørene.

I've finished this. The recipient is very pleased with the results. My sister-in-law reports that she have a big smile on her face when she's being dressed in this, and she cuddles with the ears.

Lenge sidan siste veske no... To er på veg. Ei julgåvebestilling og ei ny jobbveske til meg sjølv.

And I'm making a couple of bags, one for a friend and one for myself.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails