fredag 26. oktober 2007

Helg igjen

Nei sjå, der vart det fredag igjen. Ingen planar denne helga, bortsett frå å sy eit par vesker eller noko anna, strikke ein dress og litt andre ting, kan også godt hekle litt - jepp, eg skal slappe av :)
Burde forresten også vaske klede, rydde, støvsuge, rydde i klesskapet...
Hmmm, får sjå kva eg får gjort medan eg høyrer favorittradioprogramma mine på radioen i morgon. (NRK P1 ca 13.00 til 17.00)
Må kanskje ein tur til byen også. Ooops, ser ut til at to dagar med helg er litt for lite.

Neste veke vert i alle fall travel, med korøvingar tysdag, fredag, laurdag og to konsertar på søndag. + mykje ekstra på jobb også.

Pust...

Også litt bilder frå forrige helg i Oslo:
Å vere med tantene på shopping er stor stas ser det ut til.
Eigentleg vart det ikkje så mykje shopping på denne turen. Fireåringen var flink til å gi beskjed når vi hadde brukt nok tid inne i butikkane :)

Her har vi kjøpt nytt: hue, skjerf og hanskar

sss

Kjøpte litt gamalt sy"stash" på loppemarked i Oslo.

2 kommentarer:

  1. Tusen akk for den fine kommentaren du la igjen på bloggen min!

    Vesken(e) og skjefet (ja for jeg har sett det nå) ble kjempefint!

    SvarSlett
  2. Det var stas med tanteshopping ja :) Men eg kan vel tenke meg at de ikkje fekk vere så veeeeldig lenge på kvar butikk... :)

    Gry

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails